Gå offline med appen Player FM !
Gina Bernhoft Gørvell om Sonja, samurai og Snøsøstera
Manage episode 451155287 series 3287496
I denne episoden av Språkoppdraget har vi fått ein ny skodespelarkollega frå Det Norske Teatret i studio. Gina Bernhoft Gørvell kom rett til Det Norske Teatret frå skodespelarutdanninga på KhiO for fem år sidan. Sidan har ho spelt ei rekke ulike roller på alle scenane våre. No før jul er ho aktuell i to roller, Hedvig i Snøsøstera, og den nesten ordlause rolla skuggesøstera i Jente, 1983.
Korleis er det å spele ei framsyning 100 gonger og kva gjer kvar framsyning spesiell? Kva er forskjellen på ei rolle med mykje tekst og ei rolle utan tekst, og kvifor synest Gina det er viktig å spele teater for barn?
Vi snakkar sjølvsagt også om nynorsk, om dei vestlandske røtene og kven Gina trur ho ville vore om ho vaks opp på Vestlandet. Kva var det som gjorde at Gina melde seg inn i Norsk Målungdom da ho gjekk på Oslo katedralskole, kva gjer at ein tekst festar seg og kvifor nokre tekstar er vanskeleg å lære seg, og kva var det som skjedde den gongen ho skjønte at ho skulle drive med teater?
Denne hausten svingar Gina også samuraisverdet og snakkar flytande japansk på TV. Eller gjer ho eigentleg det? Ho tar oss med inn i universet til gamaren Ida, hovudrolla som ho speler i NRK-serien Dates in real life, og fortel om korleis ho førebudde seg til rolla. Vi snakkar om forskjellane mellom TV og teater, og om korleis det er å spele ein ekte person. Neste år kjem nemleg serien Harald og Sonja, der Gina speler sjølvaste Sonja Haraldsen, i dag meir kjent som dronning Sonja. Det kan også hende du får eit glimt av både Jon Fosse og Olav H. Hauge i denne episoden og ei avsløring om den aller første rolla Gina hadde på TV. Stikkord: JUL! Høyr meir om det i Språkoppdraget.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
38 episoder

Alle episoder
×Velkommen til Player FM!
Player FM is scanning the web for high-quality podcasts for you to enjoy right now. It's the best podcast app and works on Android, iPhone, and the web. Signup to sync subscriptions across devices.